Olga Marie Sørensen
Aksel Mære
Ingrid Eldøen
Odd Ivan Bjerkan
Ingvar Aalberg

Kristian Randahl
Johannes Karlsen
Bjarne Jenshus
Gunlaug Dundas
Ivar Grande
Birger Olsen
Harald Grøtte
Harry Hofstad
Gisle Rinnan
Trond Kvaale
Rolf Rinnan
Ole Rygh
Harry Rønning

Olaus Salberg Hamrum

Inga Lerfald
Martin Haugan
Osvald Lyngstad
Rolf Sevaldsen
Morten Mortensen
Karin Dillner Olsson
Kåre Martinsen

Sigurd Rivrud
Arne Eldøen
Henry Rinnan
Hans Berg Svendsen
Odd Urstrømmen

Ruth Rognes
Solveig Kleve
Per Asbjørn Erstad
Ingeborg Schjevik
Hans Egeberg
Egil Sivertsen
Henry Skjelstad
Svein Syvertsen
Ragnhild Strøm
Kitty Grande
Per Bergeen

Dyre Wisløff Halse
Per Wiik
Ingebrigt Østness

Arne Aagren
Karl Dolmen
Alf Nilsen Aune

Rinnanbanden

Medlemmar
• Kvinnene
• Dødsdommar
Andre aktørar
Geografi
Historie
Dommen

Kjelder

«Hvad enhver
NS-mann bør vite»


Ansvarlig for sida:
Idar Lind



Medlemmar

Ingvar Aalberg

Ingvar Aalberg vart fødd i Sparbu i Nord-Trøndelag 7.7.1903.

Ingvar Aalberg måtte avbryte folkeskolen etter fem år fordi han hadde vanskar med å følgja undervisninga. Under rettssaka hevda dei sakkyndige at han hadde ein IQ som svara til ei utvikling som hos eit barn på ni og eit halvt år. Aalberg meinte sjøl at resultatet var sterkt prega av den dårlige psykiske tilstanden hans under opphaldet i fengslet. Vitne som hadde møtt Aalberg i okkupasjonsåra og trudde han var motstandsmann, fekk aldri inntrykk av at det var noko i vegen med intelligensen. Han hadde eit godslig og sympatisk vesen, var pratsam og hadde lett for å opprette kontakt med folk. Dessutan, sa Rinnan, var han den i banden som var lettast å leie.

Aalberg hadde kameratar i NS og vart sjøl medlem etter å ha blitt rive med av ein propagandatale våren 1941, men han var ingen engasjert nazist og hadde i liten grad politiske synspunkt. Hausten 1941 fekk han arbeid hos ein norsk entreprenør som var med på å bygge ut militærleiren Steinkjersannan for tyskarane.

Aalberg vart verva av Henry Rinnan i januar 1942 på Dahls kafé på Steinkjer, til ein aksjon mot flyktningtrafikken frå Sunnmøre til England. Saman med Bjarne Jenshus infiltrerte han ei gruppe flyktningar i Ålesund, mens Ragnhild Strøm fungerte som kurer. 52 personar vart arresterte, 22 av desse dødde i fangenskap.

Etter aksjonen i Ålesund fekk Jenshus og Aalberg 700 kroner kvar som vederlag for innsatsen. I motsetning til Bjarne Jenshus, heldt Ingvar Aalberg fram som medlem av Sonderabteilung Lola heilt fram til den tyske kapitulasjonen.

Ingvar Aalberg var gift og hadde fire barn. Dette visste ikkje den ti år yngre Ildri L. som han gjekk inn i eit forhold til våren 1942. Gjennom Aalberg vart også ho for ein kort periode tilsett i Sonderabteilung Lola.

Vurderinga til dei psykiatrisk sakkyndige gjorde at lagmannsretten under tvil dømte Ingvar Aalberg til tvangsarbeid på livstid, i staden for dødstraff.

I rettssalen: Ingvar Aalberg (2) og Bjarne Jenshus (3).


Lenker frå denne sida:

Bjarne Jenshus
Henry Rinnan
Ildri L
Ragnhild Strøm
Sonderabteilung Lola
Ålesund
 
 
Foto frå rettssaka: Brukt med løyve frå Trøndelag Folkemuseum, Schrødersamlingen ©.
Portrettfoto (med få unntak): Landssvikarkivet, Trondheim Politikammer.
Alf Nilsen Aune
Karl Dolmen
Arne Aagren

Ingebrigt Østness
Per Wiik
Dyre Wisløff Halse

Per Bergeen
Kitty Grande
Ragnhild Strøm
Svein Syvertsen
Henry Skjelstad
Egil Sivertsen
Hans Egeberg
Ingeborg Schjevik
Per Asbjørn Erstad
Solveig Kleve
Ruth Rognes

Odd Urstrømmen
Hans Berg Svendsen
Henry Rinnan
Arne Eldøen
Sigurd Rivrud

Kåre Martinsen
Karin Dillner Olsson
Morten Mortensen
Rolf Sevaldsen
Osvald Lyngstad
Martin Haugan
Inga Lerfald

Olaus Salberg Hamrum

Harry Rønning
Ole Rygh
Rolf Rinnan
Trond Kvaale
Gisle Rinnan
Harry Hofstad
Harald Grøtte
Birger Olsen
Ivar Grande
Gunlaug Dundas
Bjarne Jenshus
Johannes Karlsen
Kristian Randahl

Ingvar Aalberg
Odd Ivan Bjerkan
Ingrid Eldøen
Aksel Mære
Olga Marie Sørensen
1: Henry Rinnan 2: Ingvar Aalberg 3: Bjarne Jenshus 4: Ragnhild Strøm 5: Aksel Mære 6: Kitty Grande 7: Inga Lerfald 11: Harry Rønning 12: Olaus Salberg Hamrum 13: Karin Dillner Olsson 14: Odd Urstrømmen 15: Osvald Lyngstad 16: Per Wiik 17: Birger Olsen 20: Solveig Kleve 21: Alf Nilsen Aune 22=Kåre Martinsen 23:Kristian Randal 24: Harald Grøtte 25: Trond Kvaale 26: Rolf Sevaldsen 27: Odd Ivan Bjerkan 28: Per Asbjørn Erstad